Hundeliv

Storvarg yler inn frå sjøen.
Aldri har dei vore lausar´
drakane som sprutar eld
i millom svarte himmelhausar.

Det er mest som verdi krasast
under heile rap av hamrar.
Utmed novi skvalar fossen,
grinder smell og porten slamrar.

Karo ligg og skjelv i skytja
bak den gamle gode kista;
Jamvel hundelive kann ein
vera bange for å mista.

Husets vaktmann, barnevenen,
han som hjelper Nils å gjæte,
ligg og stirer imot huse,
skræmd av alle fæle læte.

Det er trøyst å sjå det endå
lyser ut or stoveglase,
endå himlen tykjest taka
jord og hav i samme rase.

Den som vøre med dei andre
inne bak den ljose ruta,
der den tjukke fine Polly
strekjer seg på sofaputa!

Men der er kje rom for Karo:
Hende det han ville prøva,
fekk han seg et spark i baken
eller kor det kunde høva.

Ut med grisen! Skrik ho matmor.
Ut med han! Eg vil kje tola,
han skal fara kring og gjera
heile gulvet rosemåla!

Kanskje har ho rett. Koss kan ein
hund som heile dagen rotar
uti marki og på jage,
te seg stødt med reine potar?

Ikkje fårleg med ho Polly.
Ho fer klem og kyss på snute,
der ho ligg i sofakroken
på ei utvald silkepute.

Enda ho til inkje duger,
slikt som kanne in buhund sæta,
ikkje duger ho til vakthund,
ikkje dug ho til å gjæta.

Var ho endå til å snakk´med!
Men ho var kontant dem dama.
Aldri gådde ho ein Karo,
og det kund´og ver´det sama.

Slik ei trind kortpusta tikje,
som dei kanskje sengi reider,  -
jau det skulde vera makker
på dei høge vide heider!

Med ein skrall som rivna himlen
vart dei ljose rutor sløkte, -
Karo krabba innåt veggen:
Vart dei ned i havet søkkte? –

Tori rapar, stormen rasar,
ambod slamrar, lyne blenkjer.
Ingen håttar på ein vakthund, -
ingen veit kva Karo tenkjer.

Ingenting; for at det finnest
hugnad for ei stakkars bikkje
meir enn den han har med Nilsén,
veit en firføtt Karo ikkje.

Når ein dag å nyom vaknar,
vil han møta fram til streve.
Fær han so eit magert kjøtbein,
vil han kyssa husbonds neve.

Olav Gullvåg

Fra diktsamlingen på Viddene fra 1934