Forord til Ættebok for norsk buhund (sauehund), fyrste bandet.
Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, april 1926.

http://da97hgpf35dy2.cloudfront.net/65/9e/i13934181._szw530h275_.jpg

Jon Sæland skriver:

Dette upptaket med ei ættebok for norsk buhund er ein liten freistnad på å hjelpe fram att den gamle norske buhunden som no i lange tider hev vore so klent påpassa, at han for det meste er utblanda med innførde, framande hundar av mange slag (jakthundar, politihundar, selskapshundar o.a.) og soleis på ymse vis er vorten både klenare og styggare enn han hev vore.

Buhunden held beint fram på å koma burt. Men dette er ille, for han var både nyttug, vitug og væn. Millom anna var han gagnleg til sau- og geitehund, til nautehund, reinshund og vakthund. Det same kann han vera sers gagnleg til enno. Men skal han greide å halde seg uppe millom alle utanlandske hundar som no er i landet, må han få sine stridsmenn, sine hundesjå og ættebøker.

Dei hundane som er tekne med her er dei som nådde premi ved statens fyrste buhundsjå - på Ålgård i Gjestal - den 20.mars 1926. Underskrivne styrde med dette sjået og var domar saman med heidegjætar Børge Undheim og bonden Kristian Åsland frå Time.

Me kjende til, at dei fleste hundane som nådde premi var flinke saue- og nautehundar. Dertil hadde dei so nær lag og utsjånad som dei gamle buhundane endå fåe eller kanskje ingen av deim var heilt reine av dette slaget.

Dei tvo hundane som det er bilete av her (Flink 1 og Rapp Bjelland 2) kann stande som mynster på korleis desse hundana skal sjå ut i kroppsbygnad. Serleg er Flink ein fram i frå væn og dugande buhund.

FLINK 1. DEN FØRSTE NORSKE BUHUND SOM BLE REGISTRERT I ÆTTEBOK FOR NORSK BUHUND. FLINK BLE FØDT VÅREN 1924.
I den første ætteboka skrives det om Flink 1: Hausten 1937 møtte Flink 1 på sjå for siste gong. Han var då 13 år gamal, men greide likevel 1.premien utan tvil. Flink 1 var en framifrå god avlshund og brukshund (gjætarhund). Det kan segjast at buhundavlen er tufta på han.

RAPP BJELLAND FØDT NOVEMBER 1922. ÆTTEBOKNR. 2. FARGE GUL-BRUN, HVIT UNDER, UNDER HALSEN OG HALVE HODET. KULLBROR TIL MUNTER, FAR TIL FLINK NR. 1.

Forord til Ættebok for norsk buhund, andre bandet.
Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 2.januar 1929.

Sidan fyrste bandet av ættebok for norsk buhund kom ut for tvo og eit halvt år siden, hev interessa for buhunden vakse storleg.
Millom anna hev Norsk Kennelklubb opna han plass på sine hundesjå, og dette hev gjort hundene kjend og akta millom fine hundevener både i by og på land - yver heile landet.

FIA 37. FØDT 1927. FARGE GRÅ. FIA VAR ET RESULTAT ETTER MOR/SØNN-PARING. FLINKA SINNES 39 BLE PARET MED SIN SØNN SYLDAN 31.

Forord til Ættebok for norsk buhund, tridje bandet.
Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 2.mars 1931.

I dette 3.bandet av ætteboki er dei hundane tekne med som fekk premi ved statens småfesjå 1929 og 1930 med underskrivne som domar. Lyda Bjelland 10 hev likevel ikkje vore synt desse åri, men ho hev gjeve so godt al, at det vert teke med eit bilete av henne her.

Det er i år fem år siden fyrste bandet av Ættebok for norsk buhund kom ut. I desse åri hev buhunden gjort gode framsteg og er  no kjend yver heile landet, ikke berre som buhund, men ogso som vakt- og selskapshund.

Dei som vil få seg en buhund, trengs vera sers varsame, so dei ikkje fær tak i stygge blandingshundar. For ikkje alt er buhund som vert gjeven ut for å vera det.

LYDA BJELLAND 10, FØDT 19.JUNI 1925. VARGLET ETTER FLINK 1 OG DYNA 4. 1.PREMIE STAVANGER 1927, 1928 OG 1934.

Forord til Ættebok for norsk buhund, fjorde bandet.
Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 5.januar 1933.

Det er no 7 år sidan fyrste bandet av ættebok for norsk buhund kom ut. I desse åri hev buhunden gjort større framsted enn nokon kunne ha tenkt seg på so stutt tid. Buhunden hev kome svært i skotet både i by og på land og tener mange fyremål. Han held jamvel på å finna vegen til utlandet.

ROBIN NKK REG.NR.32A. ROBIN VAR OGSÅ REGISTRERT SOM ROBIN 139 I ÆTTEBOK FOR NORSK BUHUND. FØDT 23.JULI 1934, VERDENS FØRSTE INTERNASJONALE UTSTILLINGSCHAMPION AV RASEN NORSK BUHUND. EIER MIN GODE VENN JOHAN DANELIUS.

Forord til Ættebok for norsk buhund, sette bandet. Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 3.desember 1936.

Norsk buhund hev TIÅRSJUBILEUM  i år. Fyrste sjået for buhund vart halde på Ålgård, Jæren, den 26.mars 1926. Sidan hev det vore høve til å få døming på buhund på alle statens sauesjå som underskrivne hev halde.

Det hev vore stor framgang. No er buhunden kjend og vyrd yver heile landet. Det er ikkje berre som ein god sau-, geit- og nauthund han er vorten kjend. Til vakt- og selskapshund er han like mykje vyrd, ikkje minst i byane.

BUST 110 FØDT 1933 ETTER FLINK 1 OG POLLY 125. LJOS RAUD. 1.PREMIE STAVANGER 1935 OG 1936.

Ættebok for norsk buhund, sjuande bandet av Jon Sæland.

1.Champion Flink. J.K.Ravndal, Ålgård.
Flink møtte for siste gong på sjå i haust. Han var 13 år, men greidde likevel 1.premien utan tvil frå nokon av domarane.
Flink har vore ein framifrå god avlshund.
Det kan trygt segjast at buhundavlen er tufta på Flink.

Gvarv, 23.mai 1938.

SØNNEN TIL FLINK 1, ROGG 137, FØDT AUGUST 1934. SAMBLAKK. HELBROR TIL BUST 110. 1.PREMIE STAVANGER 1935 OG 1936.

Forord til Ættebok for norsk buhund, åttande bandet.
Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 16.desember 1938.

I dette åttande bandet av ættebok for norsk buhund er det teke med alle dei hundar og bikkjor som nådde premi på småfesjåi hausten 1938 med undantak av åtte (Max, Pan, Tater, Spøra og Lyna Tjessem frå Rogaland, Besse frå Ringbu og Varg og Murre frå Opdal) som anten synte seg å have so ring ætt eller so ringe ætteupplysningar, at dei - iminsto ikkje for det fyrste - kann få plass i ætteboki endå dei nådde 3.premi.

Jamvel Norsk Kennelklub hev sume år (m.a. i juni 1938) slept fram til premi (til og med høge premiar) dyr som vil gera buhunden stor skade um dei vert brukt til avlsdyr.

CACIB FRA INTERNASJONAL UTSTILLING I OSLO 13.-14.JUNI 1936, UNDERSKREVET AV JON SÆLAND.

Forord til Ættebok for norsk buhund, niande bandet. Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 8.januar 1941.

Det er elles grunn til å minna um at buhunden skal vera samleta blakk (vargleta) eller svart. Andre letar bør ikkje tolast. Kvitt i brystet, blæs, kvit ring um halsen og kvit haletupp fylgjer visse ætter, men bør etter kvart helst arbeidast burt. Like eins bør raud-leten etter kvart gå ut.

Buhunden skal elles ikkje berre vera fin, han skal ogso have sterkt lynde soleis at han kann halde seg uppe som ein god vakthund og god (hard) brukshund i det heile.
Dette må alle uppalarar, som vil nå langt fram, koma ihug under arbeidet sitt med buhunden.

NIPPE ELGESTAD 316 FØDT 1939. FAR CH.ROBIN, MOR RANJA ETTER BUST 110.

Forord til Ættebok for norsk buhund, ellevte bandet.
Skrevet av Jon Sæland.

Gvarv, 15.januar 1943.

Folk må bruka sermerkte navn på hundane for å sleppa samanblanding og for at ættebokskrivaren kann sleppa å gjeva hundane etternamn.
Freia, Sonja, Laila, Bella, Flinka, Kvikk, Flink, Bamse o.s.b. må ingen bruka lenger, men finna namn som ikkje finst i ættebøkene fyrr.
Det er lett å laga hundravis av nye, gode namn utan å bruke folkenamn som ingen bør.

POSACK 334 FØDT 1.APRIL 1940 HOS JON SÆLAND. VARGLET. FAR CH.ROBIN, MOR LOTTE VAR OGSÅ ETTER CH.ROBIN.