Til juni

Du var min kjærast gjenom alle vårar
so langt mitt minne når i fari tid.
I tunge dragsug lengten mot deg bårar,
med haust og vintermyrker sagte skrid.

Eg elskar dine blomar i dei logne lundar,
di ljose natt som dagen smiler i.
Mot dine solsmil hardt mitt hjarta stundar
når nattfrost stæler over fjell og lid.

Din song, din leik og alt som gror og brydder
er livsens under, no som stødt det var.
Med nye skot kvar broten runn seg ydder
og gjev til døden livets sterke svar.

Du er kje lenge hjå meg, men du svik meg ikkje
kvart år du kjem att med din strålesmil
og let meg djupt av ljos og draumbrygg drikke,
til helsebot for sjæla, trøyt av tunge tvil.

Eg takkar deg for alle blide, stille stunder,
kvar dyr minutt du gav av sol og eld!
Når i den store natt min siste dag går under,
so lat det skje ein gyllen junikveld.

Olav Flatastøyl