Aftenposten, 1.august 1942

 

Disse bildene er hentet fra Telemark og viser en sauedrift på veg til sætra, langt oppe på Hardangervidda.

En av gjæterne som har sendt oss fotografiene, kan ikke nok rose buhundene for den ypperlige assistanse de ytet under transporten av de over tusen sauer, fra dalen opp til fjellet.

 

Det var tre buhunder som fulgte med sauedriften, og de var i aktivitet fra morgen til aften i de 9 dager transporten varte. Hundene holdt sauene samlet og hjalp til med drivingen. Da vi endelig kom fram til sætra var hundene helt utkjørt etter den harde jobben å holde sauene samlet. Det var en strålende prestasjon av disse små buhundene, som er uvurderlige som sauepassere.

 

Under beitingen på fjellet yter hundene en like ypperlig tjeneste. De er gjæternes beste venn og sæterlivets muntre skapninger, sier gjæteren til slutt.

Den norsk buhunden burde være æresdeltaker ved alle hundeutstillinger her hjemme, -- en fremragende og charmerende firbent!


På bildene ser vi den ene av buhundene bak flokken passende sin dont som driver av de tusen sauene. Ruten sauene gikk var fra Gvarv – Bø – Seljord – Hestskodike – Brunkeberg – Morgedal – Lårdal – Rui – Høydalsmo – Vinje – Åmot – Granhaugen – Grungedal – Edland – Haukeligrend – Botn – Vågsli – Skaret – Havradalen til Loftistova.

 

 

FOTO JOHAN DANELIUS:)))

Å vera i livet, ei bok om Halldis Moren Vesaas.
Skrevet av hennes sønn Olav Vesaas.

 

På side 336 står det følgende:


Medan Halldis var i Grungedal, for den årvisse Sælands-drifta forbi – om lag 900 sauer som skulle til fjells. Dei kom som eit bølgjande teppe av ull og kjøt etter vegen, og blant gjetarane stakk ”Hyrdingen” seg ut, med skjegg og gjerne eit stakkarsleg lam i armane. Det var noko bibelsk over denne figuren, som hadde gått slik til alle tider, syntest ho og skreiv ein epistel, ”Mykje ull og kjøt etter vegen”, som ho sende til Norsk Tidend.

Jon Sæland las dette stykket og lika så godt skildringa av den gode hjuringen – om hausten kalla ”Haile Selassi” på grunn av lengda på skjegget – at dersom ho møtte opp ved vegen når drifta kom ned att frå fjellet, så ville ”Hyrdingen” gje henne eit lam.

 

 

 

Det virket som om Jon Sæland brøt med Norsk Kennel Klub. Han var autorisert dommer for Norsk buhund og dømte på flere NKK-utstillinger.
Det var nok en bitter mann som skrev dette innlegget i Nationen.

NATIONEN, Tirsdag 11.juni 1946

 

Kennelklubben og buhunden.

Hundesjået i Oslo 1. – 2.juni.

 

En bonde spurde: Kennelklubb, kva er det for noko? Ja, det er ikkje mange på bondebygdi som skynar kva det er. Men mange har ei kjensle av at eitkvart fint må det vera i alle fall, for kongsfolket vert jamnleg drege frampå når Kennelklubben har eitkvart fyri. Kennel skal tyda hund og klubb er korkje blodklubb eller mjølklubb, men eit lag. Fint er namnet når det er unorsk sjølvsagt.

 

Nå, Kennelklubben hadde stort hundesjå i Oslo, men det var svært lite buhund framme, berre 26 og berre 4 var fra bønder. Kunne ein anna venta? Innmeldingspengane er 15 kronor til open klasse og 10 til V.K. pluss 10 til stamboksføring, pluss medlemspengar i klubben, kr. 15, det vert i alt 45 kronor. Til dette kjem frakt og fôringskostnad for hunden og titt for eigaren med. Å syne hund for Kennelklubben kostar soleis på lag like mykje eller meir enn ein bonde betalar for ein skipeleg buhund i dag.

 

Men so er vel domen som fell i denne klubben overlag rettvis og god? Nei. Døming i Kennelklubben og underdeildene har for det meste vori so slak og ring i det heile, at det har vori villeidene for folket og til stor skade for buhunden. I år var dømingi likare på det viset, at det var ikkje storparten som fekk 1.premi eller andre eingong og det vart jamvel 9 nullar. Men so var heile flokken jamnt yver svært ring ogso.

 

Verst var det som gjekk fyri seg i samband med vinnarklassa. Her møtte det ein verkeleg fin hanhund, Snar til Trygve Anthonisen, Stavern. Men denne kom ikkje lenger enn til 2.premi i vinnarklassa medan ein grimute hund med breide, stygge øyro (Bolle) gjekk fremst endå han var langt ringare enn Snar.

 

Enda verre var det ellers med bikkjone. Her vart Nusse til Kolbjørn Omholt, Kongsberg, sett fremst medan ei verkeleg fin bikkje – Thallaugs Troya til Ingrid Johansen, Tangen, Heidmark, berre kom på andre plasen. Men den fyrste var ali hjå ei som bar same namnet som den eine av domarane. Dette måtte det truleg vera som vog henne upp. For Nusse var ikkje verd 1.premi i opi klasse eingong. Etter som di andre vart dømde hadde det greidd seg vel med 2.pr. i opi klasse. På statens buhundsjå hadde denne bikkja ikkje nådd høgre enn til 3.premi. Ho hadde reint for smale øyro (”spikerøyro”) og for smal nos, lang, smal hals, for lang kropp i det heile. Attpå dette var ho salryggja, yverbygd og hadde hale som låg mest flat på ryggen. Det verste av alt var kan henda likevel at ho er av ei ætt som har synt seg ringare enn ring når det gjeld anlegg for gjæting.

 

Slikt noko skal verta sett fram av Kennelklubben som det beste som er.

Det er skire humbug.

 

So jamenn trengst det at klubben i reglane sine har eit vedtak um at: ”Dommer må ikke klandres”. Nei – heilag er Kennelklubben og handlingane hans um dei er aldri so ravgale. Ein fær mest hug til å segja  ” lusi hostar”.

 

I 20 år har staten halde buhundsjå i samband med sausjå og på denne tidi nya uppatt buhunden frå ingen ting til det han er i dag. Det har gjenge so godt med dette arbeidet og buhunden har fenge so mykje vind i segl, at m.a. Kennelklubben har hengt seg innpå, men på ein måte som har vorte buhunden til stor skade som sagt. Men etter som ein kannn skyna er det klubben sin tanke at det er han som ber uppe buhunden. Dette må ein tru m.a. når ein ser at klubben boykottar statens ”Ættebok for norsk buhund”. Denne er gjevi ut i trettan band og m.a. har nummer på hundane som har nådd premi på statens sjå. Men aldri nemner Kennelklubben nummeri i denne ættebok endå um det gjeld dei finaste og beste buhundane som er eller har vori i landet.

 

Men staten tier og finn seg i denne meningsløysa. Når det gjeld hund, kan private klubbar få fara åt radt som dei vil. Men hadde det golde andre av husdyri, so hadde staten truleg ikkje funne seg i at private spikulantar i byane tok seg til å ”premiera” i ”villen sky” jamnsides statens eigne sjå.

 

No fær me sjå korleis det heretter vil gå. Det sviv ord um at staten ikkje vil bry seg meir med buhunden no etter statskonsulentskiftet, men lata han ”gå i hundane”, d.v.s. lata privatklubbspikulantane i byane få hand um han heilt og halde.

Huttemegtu!

 

Jon Sæland

 

 

 

I hundesport Nr.2/1981 var det en artikkel om norsk buhund.

Artikkelen startet med:
BUHUNDEN
... legenden som alltid vil leve!

Og avsluttes sånn:
... men buhunden er noe mer enn en hund, den er en del av vår historie, og i dem er der bevart noe av sagaens glans og stolthet.


Jeg kommer aldri til å bli lei av og gnåle på den samme visa.
Vi må prøve å få ned innavlsgraden i hvert eneste valpekull som blir født av rasen vår. 
Avlsbasen er skremmende liten. Fortsatt har jeg et stort ønske om at flere hannhunder må brukes i avl.

Vi får bare håpe at norsk buhund er en rase som vi klarer å ta vare på i framtiden 🤨


Forsiden til hundesport Nr.2/1981